Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tilvising sjukleg overvekt

Alle tilvisingar, både til sjukehusa og til dei private, skal sendast til føretaket der pasienten bur.

Tilvising skal sendast til sjukehusa​​​​​

Helse Førde HF​​​, Fedmepoliklinikk

​​​Helse Bergen, Overvektpolikli​nikken

Helse Fonna HF​, Overvektsteam

Helse Stavanger, s​ykelig overvekt poliklinikk​​

Helseføretaka vurderer tilvisingane i tråd med prioriteringsforskrift og rettleiarar.​​

Private​​ tilbod livsstilsbehandling

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler i Sogn og Fjordane

​LHL-klinikkene Nærland​

​Meir informasjon​​

​​​​Individuell vurderi​​ng​​​

​Helseføretaka har ansvaret for å vurdere dei ulike behandlingsalternativa (type kirurgisk behandling, livsstilsbehandling) for kvar pasient.

Livsstilsbehandling​​​​

Det er tilbod om livsstilsbehandling ved to stader. Behandlinga dreier seg om å endre livsstil, med fokus på sunn mat, mosjon og mental trening.

​​​​Krav som må oppfyllast:

For å bli vurdert for livsstilsbehandlinga, må pasienten og ha ein kroppsmasseindeks (KMI) på meir enn 40, eller 35 med tilleggslidingar som følgje av overvekt.

Pasienten må vere i stand til å delta på trening som følgjer av behandlingsopplegga. Pasienten må vidare vere motivert for ei varig livsstilsendring.

Kirurgisk behandling​​​​​​

Alle helseføretaka i regionen har eit kirurgisk tilbod for pasientar med overvekt.​

Helse Førde har ein regionfunksjonen for kirurgisk behandling av sjukleg overvekt, og gjennomfører dei mest ressurskrevjande operasjonane for sjukleg overvekt (biliopancreatic diversjon med duedenal switch).​

Sist oppdatert 15.12.2023