logo Helse Vest

Retningslinjer for doktorgradsstipend

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.

Page in English

​Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

For søknadar om doktorgradsstipend skal stipendiaten stå som søkjar, og stipendet kan ikkje overførast til andre. Søkjar må ha avlagt masterutdanning eller motsvarande (jf. krav om karakterutskrift som skal leggjast ved søknaden). Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

Anten søkjar, hovudrettleiar eller prosjektleiar må vere tilsett (i minimum 20 prosent) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon, sjå kven kan søkje forskingsmidlar.

Namn på rettleiarar, prosjektleiar og anna skal gå fram av deltakarlista, jf. søknadsskjema. Minst éin av rettleiarane skal vere tilsett ved eit universitet eller høgskule i regionen. Hovudrettleiar må ha hovudstilling ved ein institusjon i Norge, som hovudregel i regionen.

Kva kan det søkjast om

Doktorgradsstipend blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til løn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

Det kan ikkje søkjast om stipend for fullføring av doktorgrad.

Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikkje dekkjast av satsen.

Ved eventuell tildeling

Ved tildeling av doktorgradsstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»). Stipendiaten skal ha sin faste arbeidsplass i regionen og vere aktivt deltakande i fag- og/eller forskingsmiljøet i søkjarinstitusjonen  

Stipendiaten skal takast opp i eit doktorgradsprogram, som hovudregel ved eit universitet i regionen. Stadfesting på opptak skal ettersendast innan 3 månader etter prosjektoppstart.

Doktorgradsstipend blir innvilga for inntil tre år (100 % stilling). Stipend kan takast ut i anten 50 % eller 100 % stilling (utbetaling av stipendet vil følgje dette). Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tilbod om stipend er mottatt. Søkjarar til doktorgradsstipend må kunne starte stipendet seinast 1. juli i tildelingsåret. Dette gjeld uavhengig av starta eller planlagde permisjonar.

​Det bør leggjast til rette for at stipendiaten kan bytte arbeidsgivar under stipendperioden så framt dette gjeld flytting til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen. Det er likevel søkarinstitusjonen som har det avgjerande ordet for om også ansvarleg institusjon for stipendiatens prosjekt skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtaler mellom dei aktuelle institusjonane.

Forskarar som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal gjennomfører kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom Læringsportalen

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.   Andre vedlegg enn det som er lista nedanfor, skal ikkje leggjast ved søknaden.

Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-format).

Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

  1. Søkjaren skal leggje ved CV (anbefalt lengde 2 sider) og liste over publikasjonar for dei siste 5 åra. Merk at for søknadar om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar. Stillingsprosent i noverande stilling skal gå fram av CV-en. 
  2. CV og publikasjonsliste frå dei siste fem åra for hovudrettleiar og eventuelt prosjektleiar.
  3. Rettleiarerklæring frå hovudrettleiar, med ein vurdering av om det er mogleg å gjennomføre.
  4. Vitnemål og karakterutskrift frå embetseksamen høgare grad (f.eks. cand. med.)

Der det er aktuelt:

5. Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen, sjå Kven kan søkje

6. ​Søkjarar med utanlandsk grad må dokumentere korleis denne blir vurdert i høve til norsk høgare grads eksamen.
Sjå blant anna opptakskrava for doktorgradsutdanning ved Universitetet i Bergen​ ​

 
 
 
Revidert juni 2024
Sist oppdatert 20.06.2024