Retningslinjer for open prosjektstøtte
Som hovudregel skal prosjektleiar – den som er fagleg ansvarleg for prosjektet – stå som søkjar. Søkjar skal som eit minimum ha avlagt doktorgrad. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.
Helse Vest tildeler inntil 1,5 millionar kroner per år i inntil tre år i søknadskategorien Open prosjektstøtte. Framdrifta i prosjekta skal dokumenterast gjennom årlege rekneskapsrapportar og faglege rapportar.
Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet
Søkjaren må vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Sjå "Kven kan søkje forskingsmidlar" for meir informasjon
Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon.
Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ei utgreiing frå søkjarinstitusjonen (til dømes frå forskingsavdelinga) på kven som skal overta ansvaret for prosjektet.
Kva kan det søkjast om
Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til personell, drift og utstyr.
Dersom det blir søkt om utstyr, skal det gjerast greie for kva miljø som skal bruke utstyret. Eigarskap til utstyret skal vere avklart, og vedlikehald skal sikrast gjennom at anskaffinga inkluderer fleirårige servicepakkar.
Dersom utstyret finst ved institusjonen, i geografisk nærleik eller det er sikra tilgang til utstyret gjennom nasjonale avtalar, skal søkjar godtgjere behovet for å duplisere utstyret. Utstyr som blir kjøpt inn via forskingsmidlar i Helse Vest, skal etter nærmare avtale kunne brukast av alle interessentar.
Meir om personell
Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til støttepersonell som laboratorieteknikar og forskingssjukepleiar o.a.
Det kan søkjast om frikjøp av klinisk stilling i sjukehus (fastlønn/grunnlønn) i inntil 6 månadar (totalt for prosjektperioden). Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg.
Søknad om doktorgradsstipend eller postdoktorstipend knytt til prosjektet skal fremjast i eigen søknad, sjå eigne retningslinjer for stipend. Driftsmidlar til stipendiatar skal dekkjast frå andre kjelder (jf. retningslinjer for stipendiatar), og kategorien open prosjektstøtte skal ikkje einsidig nyttast til driftsmidlar for stipendiatar.
Det er ikkje mogleg å søkje forskarstipend/forskarstillingar.
Ved eventuell tildeling
Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).
Dersom det skjer endringar i tilsettingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden (jf. Kven kan søkje Helse Vests forskingsmidlar), har søkjarinstitusjonen det avgjerande ordet for om også prosjektet si tilknyting skal bli endra eller om det må bli utpeikt ny prosjektleiar.
Brukarmedverknad i forsking
Alle som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest.
Prosjektframstilling og andre vedlegg
Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.