Retningslinjer for open prosjektstøtte

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Ein vesentleg del av midlane skal gå til forskarutdanning og bygging av forskingskompetanse.

​Page in English

Vurdering av søknader

Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

For  søknadar i søknadskategorien «open prosjektstøtte» kan i tillegg regionalt samarbeid telle positivt. Regionalt samarbeid er i denne samanheng forskingssamarbeid mellom institusjonar i ulike geografiske delar av regionen. 

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Prosjektleiar, den som er fagleg ansvarleg for prosjektet, skal stå som søkjar, og skal som minimum ha avlagt doktorgrad. Søkjar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori. Søkjar må vere tilsett i minimum 20 prosent ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Tilsetjinga må komme fram i CV til søkjar. 

Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, og private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå "Kven kan søkje forskingsmidla​r" for meir informasjon.

Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ei utgreiing frå søkjarinstitusjonen (til dømes frå forskingsavdelinga) om kven som skal overta ansvaret for prosjektet.

Karanteneordning (ny i 2025)

Samarbeidsorganet vedtok i juni 2024 (sak 23/2024) ei karanteneordning for mottakarar av Helse Vest forskingsmidlar. I denne utlysinga gjeld ordninga for «open prosjektstøtte». Dei som gis karantene og dermed ikkje kan søkje i år er:

  1. Søkjarar som fekk tildelt midlar i søknadskategori open prosjektstøtte i 2024 (prosjektstart i 2025).
  2. Prosjektleiarar som har ubrukte midlar ved avslutta prosjektperiode tilsvarande eitt års tildeling eller meir. Det blir teke utgangspunkt i rekneskapsrapportering for siste år med friske midlar. 

Kva kan det søkjast om

Helse Vest tildeler inntil 5 millionar kroner fordelt over tre år. Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til personell, drift og utstyr.

Det kan søkjast om å få dekt kostnadar til støttepersonell som laboratorieteknikar, forskingssjukepleiar o.a. Det kan søkjast om frikjøp av ein eller fleire klinikarar i sjukehus (grunnløn) motsvarande inntil 6 månadsverk per stilling. Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg. Det er ikkje mogleg å søkje forskarstipend/forskarstillingar. 

Søknad om doktorgradsstipend eller postdoktorstipend knytt til prosjektet skal fremjast i eigen søknad, sjå eigne retningslinjer for stipend. Driftsmidlar til stipendiatar skal dekkjast frå andre kjelder (jf. retningslinjer for stipendiatar), og kategorien open prosjektstøtte skal ikkje einsidig nyttast til driftsmidlar for stipendiatar.

Dersom det blir søkt om utstyr, skal det gjerast greie for kva miljø som skal bruke utstyret. Eigarskap til utstyret skal vere avklart, og vedlikehald skal sikrast gjennom at anskaffinga inkluderer fleirårige servicepakker. Dersom utstyret finst ved institusjonen, i geografisk nærleik eller det er sikra tilgang til utstyret gjennom nasjonale avtalar, skal søkjar godtgjere behovet for å duplisere utstyret. Utstyr som blir kjøpt inn via forskingsmidlar i Helse Vest, skal etter nærmare avtale kunne brukast av alle interessentar. 

Ved eventuell tildeling

Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).

Dersom det skjer endringar i tilsetjingsforholdet til søkjaren etter tildeling og i løpet av prosjektperioden, har søkjarinstitusjonen det avgjerande ordet for om også prosjektet si tilknyting skal bli endra eller om det må bli utpeikt ny prosjektleiar.

Forskarar som får Helse Vests forskingsmidlar, skal gjennomføre kurs i brukarmedverknad. Tilsette i helseføretaka får kursbevis om dei gjennomfører kurset gjennom læringsportalen.​

Samarbeidsorganet legg til grunn at det blir søkt om finansiering ved neste relevante utlysing frå NFR/EU-systemet. Prosjektansvarlege vil bli bedne om å rapportere på dette i samband med den årlege faglege rapporteringa

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden.

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling​ som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-format).

Vedlegga skal samlast i eitt vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

1. Søkjaren​ sin CV (sjå forslag til mal) og publikasjonsliste siste fem år.

Der det er aktuelt:

2. Forankringsavtale dersom aktuelt. Sjå Kven kan søkje forskingsmidlar

3. Dersom søkjar går av for aldersgrensa i løpet av prosjektperioden, skal det leggjast ved ein utgreiing på kven som skal overta ansvaret for prosjektet.

Dersom ønskjeleg: 

4. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for viktige samarbeidspartnarar.
 

Oppdatert mai 2025.

 

Sist oppdatert 14.05.2025