logo Helse Vest

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2025

Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2024 kl. 23:59. Vedtak om tildeling kjem 28. november 2024

Page in English

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend.

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon som vedtar tildelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til. 

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje forskingsmidlar frå Helse Vest. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2025, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.

Følgjande søknadskategoriar er aktive ved utlysinga av midlar for 2025:

  • Doktorgradsstipend
  • Postdoktorstipend inkl. utviding av postdoktorstipend (knytt til utanlandsopphald)
  • Klinisk forskarstipend
  • Klinisk karrierestipend
  • Open prosjektstøtte
  • Utanlandsstipend
  • Stipend til kliniske studiar (20 prosent)

Det er utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som retningslinjene gir.

Vær særskilt merksam på følgjande:

  • For å kunne søkje Helse Vest sine forskingsmidlar direkte (det vil seie utan forankringsavtale), må søkjar vere tilsett i minimum 20 prosent stilling i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest. Det er særskilte krav for kategoriane stipend til kliniske studiar (20 prosent), klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.
  • Stipendsatsane dekkjer løn og drift. Behov for driftsmidlar utover det som ligg i stipendsatsen, skal dekkast frå andre kjelder.
  • Lengda på postdoktorstipend er avhengig av gjennomføring av utanlandsopphald.
  • Ramme for søknadskategorien Open prosjektstøtte er 5 mill. kroner over tre år.

Det er gjort føljande endringar i søknadskategoriane:

  • Kategorien Korttidsprosjekt fell bort
  • Det er oppretta ein ny søknadskategori Stipend til kliniske studiar (20 prosent). Målet med kategorien er å styrke rekruttering av helsepersonell med fullført ph.d.-grad til forsking. I tillegg kan stipendet på lengre sikt vere eit verkemiddel for å nå måla i Nasjonal handlingsplan for kliniske studiar. I denne utlysinga blir det tildelt inntill fem stipend. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for søknadskategorien
  • Perioden for Postdoktorstipend er endra frå 2,5 år til 3 år prosent ved 100 prosent stilling. Stipendet kan framlais takast ut i 50 prosent, og kan bli forlenga med seks eller tolv måneder ved utenlandsopphold.
  • Ramma for open prosjektstøtte er auka til fem millionar over tre år. 

Søknader til Helse Vest blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

Samarbeid mellom institusjonar i ulike delar av regionen vil bli vektlagt i søknader om open prosjektstøtte.

Søknader om Stipend til kliniske studiar (20 prosent) blir vurdert ut frå regional deltaking i prosjekta stipendet skal bidra inn i og nytten for avdelinga under og etter stipendperioden, sjå retningslinjene for søknadskategorien. Gitt at søknaden elles fyller kriteria, vurderast både fagleg og geografisk fordeling av stipenda.

Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekta, jf. helseføretakslova § 35. Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom å involvere brukarar i éin eller fleire deler av prosjektet. Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling. Manglande brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil føre til at søknaden blir lagd til side.

Forskarar som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ha gjennomført kurs i brukarmedverknad​.​ Ved tildeling av midlar skal forskarar årleg rapportere om brukarmedverknad.

Søknadar som ikkje fyller krava, kan bli avviste. Sjå oversikt over årsaker til avvising av søknader her.

To vedlegg skal følgje den elektroniske søknaden.

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadskategori. Merk at det er ein eige mal for Stipend til kliniske studiar (20 prosent)
  2. Andre vedlegg. Kva for vedlegg som er påkravd her, er avhengig av søknadskategori, sjå retningslinjene og rettleiing i skjemaet.

Vedlegga må vere i PDF-format  

I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengelege på engelsk. For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidlegare, sjå presentasjon av eSøknad.  

Gå til eSøknad

 

Vedtak om tildeling

Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte fredag 28. november 2024. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette.

Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking om du har spørsmål.

 

Sist oppdatert 20.06.2024