Fakta om dei private avtalane i Helse Vest
Helse Vest RHF hadde per september 2022 driftsavtalar med 251 privatpraktiserande spesialistar, 123 innanfor somatikk og 128 innanfor psykisk helsevern. Dei fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.
I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, åtte private rusinstitusjonar og sju private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region.
Helse Vest har også åtte tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, fordi desse institusjonane blir nytta av pasientar frå Helse Vest.
Vi har også avtalar med to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon.
For å auke kapasiteten på område der det er lang ventetid, er det inngått avtaler med private tilbydarar. Helse Vest har avtale med fire private laboratorium og tre avtalar om radiologitenester (same leverandør, men på tre ulike plassar – Bergen, Haugesund og Stavanger).
Kven har vi avtalar med?
Private, ideelle institusjonar
Rehabilitering – private avtalar
Rusbehandling – private avtalar
Røntgen og laboratorium – private avtalar
Helse og arbeid (tidlegare Raskere tilbake)
Rehabilitering og psykisk helse
Private behandlingsstader med avtale, landsoversikt på Helsenorge