Utviklingstrekka peikar samla på eit aukande gap mellom behovet for helsetenester og tilgangen på personell og økonomiske ressursar.
Utviklinga av spesialisthelsetenesta kan ikkje baserast på vidare vekst åleine. Ei berekraftig utvikling krev tydeleg prioritering, endra arbeidsmåtar og betre bruk av samla kapasitet i regionen.
På denne bakgrunnen legg Helse Vest følgjande strategiske føringar til grunn:
Prioritering og ressursbruk
Tiltak og tenester skal prioriterast etter nytte for pasientane. Aktivitet med låg nytte må reduserast eller avviklast. Ressursane skal i størst mogleg grad rettast mot pasientbehandling.
Endra arbeidsmåtar og oppgåvedeling
Oppgåver må løysast på nye måtar. Det krev betre bruk av kompetanse, teknologi og tydeleg oppgåvedeling mellom yrkesgrupper og nivå i helsetenesta.
Samordning og regional styring
Auka regional samordning er nødvendig for å sikre god ressursbruk, tilstrekkeleg kapasitet og likeverdige tenester i heile regionen.
Teknologi og innovasjon som verkemiddel
Teknologi og innovasjon skal brukast målretta for å betre kvalitet og styrke pasientforløp. Løysingar skal erstatte, ikkje berre leggast til eksisterande praksis.
Berekraftig utvikling og investering
Investeringar og utviklingstiltak må prioriterast innanfor økonomiske rammer og samla gjennomføringsevne.
Beredskap og robustheit
Krav til beredskap og tryggleik skal liggje til grunn for planlegging og utvikling av tenestene.
Dei strategiske måla konkretiserer desse føringane og gir retning for prioritering og utvikling i planperioden.