Strategisk mål
Mål 1
Pasientane får rask og likeverdig tilgang til trygge helsetenester av høg kvalitet, og støtte til å meistre eiga helse
Pasientane skal få rett hjelp til rett tid. Tilgangen til spesialisthelsetenester skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn, språk, funksjonsevne, sosial bakgrunn, helsekompetanse eller digital kompetanse.
Tenestene skal vere trygge, kunnskapsbaserte og tilpassa pasientane sine behov. Pasientar og pårørande skal få informasjon, opplæring og støtte slik at fleire kan ta informerte val og meistre eiga helse. Kontinuerleg forbetring skal vere ein naturleg del av utviklinga av tenestene.
Dei neste fire åra skal vi
- styrkje rask og likeverdig tilgang til utgreiing, behandling og oppfølging for pasientar med størst behov og alvorleg tilstand
- bruke prioriteringskriteria meir systematisk i klinisk praksis, faglege prioriteringar og utvikling av pasientforløp
- redusere undersøkingar, kontrollar og behandling som ikkje gir tilstrekkeleg nytte, slik at ressursar kan frigjerast til pasientbehandling med større nytte
- integrere helsekompetanse og meistring i behandling og oppfølging av pasientar og pårørande, mellom anna gjennom betre informasjon og digitale løysingar tilpassa pasientane sine føresetnader
- styrkje habilitering og rehabilitering gjennom betre samhandling, digitale løysingar og samarbeid med kommunar og pasient- og brukarorganisasjonar
- bruke kvalitetsdata, pasientrapporterte data (PROM/PREM) og brukarerfaringar meir systematisk for å redusere uønskt variasjon og styrkje pasienttryggleiken
Sist oppdatert 24.08.2026