Mål 4
Vi styrkjer regional samordning av helsetenester og stabs- og støttefunksjonar for å sikre betre ressursbruk og berekraftig drift
Helse Vest skal utviklast som eit forpliktande regionalt fellesskap. Tenester, kapasitet, kompetanse, arbeidsprosessar og støttefunksjonar skal samordnast der dette gir betre kvalitet, mindre sårbarheit, meir likeverdige tenester eller betre bruk av samla ressursar.
Regional samordning er ikkje eit mål i seg sjølv. Ho skal bidra til betre pasienttenester, meir robust drift, betre styringsinformasjon og meir tid til pasientretta og fagleg nødvendige oppgåver.
Målet gjeld i første rekkje føretaksgruppa i Helse Vest. Private ideelle verksemder og andre samarbeidspartar kan inngå i relevante samordningsinitiativ innanfor avtalte rammer.
Dei neste fire åra skal vi
- vurdere funksjonsfordeling og samling av tenester ut frå kvalitet, pasienttryggleik, volum, kompetanse, vaktberedskap, reisebelastning, økonomi og beredskap
- standardisere og forenkle arbeidsprosessar på tvers av føretaka der dette reduserer uønskt variasjon, dobbeltarbeid og administrativ belastning
- vidareutvikle felles administrative støttefunksjonar der dette gir betre kvalitet, mindre sårbarheit, betre styringsinformasjon eller meir effektiv drift
- utvikle betre styringsinformasjon gjennom felles data, definisjonar, analysegrunnlag og standardiserte prosessar
- utvikle meir samordna forsynings- og logistikkløysingar, inkludert betre forsyningsberedskap