Mål 3
Vi har kompetente medarbeidarar, sterke fagmiljø og god leiing som drivkraft for gode helsetenester
Helse Vest skal vere ein attraktiv arbeidsplass med kompetente medarbeidarar, robuste og innovative fagmiljø, godt arbeidsmiljø og tydeleg leiing. Forsking, utdanning, fagutvikling og opplæring skal vere tett kopla til pasientbehandlinga og bidra til betre kvalitet, pasienttryggleik og utvikling av tenestene.
Kompetanse og arbeidskraft skal brukast der dei gir størst nytte for pasientane. Det krev betre oppgåvedeling, meir føreseieleg bemanningsplanlegging, gode arbeidsprosessar og teknologi som støttar medarbeidarane i det daglege arbeidet.
Dei neste fire åra skal vi
- sikre rett kompetanse til rett oppgåve gjennom tydeleg oppgåvedeling og betre bruk av samla kompetanse og kapasitet
- etablere meir systematisk kompetanse- og bemanningsplanlegging basert på behov, aktivitet, framskrivingar og økonomiske rammer
- styrkje utdanning av helsepersonell, spesialistutdanning, praksisnær opplæring, rettleiing, forsking, fagutvikling og læring på tvers av sjukehus, fagområde og profesjonar
- forenkle arbeidsprosessar og redusere, flytte eller løyse på nye måtar oppgåver som ikkje krev helsefagleg kompetanse
- vidareutvikle leiing som fag, med tydelege krav til prioritering, arbeidsmiljø, gjennomføringsevne og nytenking og nødvendige endringar
Sist oppdatert 29.07.2026