Fram mot 2041 skal pasientane oppleve meir samanhengande forløp på tvers av fagområde, sjukehus, kommunar og andre aktørar. Overgangar mellom tenester skal vere betre planlagde, og pasientane skal sleppe å bere ansvar for koordinering som tenestene sjølve skal handtere.
Pasientar med langvarige, samansette eller samtidige behov skal få tydelegare ansvarspunkt, betre koordinering og meir heilskapleg oppfølging. Dette gjeld mellom anna eldre med skrøpelegheit, pasientar med kroniske sjukdommar, pasientar med psykiske lidingar og rusmiddelproblem, barn og unge med samansette behov, og pasientar med behov for habilitering eller rehabilitering.
Tenestene skal organiserast slik at pasientane får rett behandling på rett nivå. Balansen mellom spesialiserte funksjonar og tilbod nær der pasientane bur skal vere tydelegare. Fleire tenester skal kunne givast digitalt, ambulant eller heimebasert når det er fagleg forsvarleg, ønskjeleg for pasienten og gir god ressursbruk.
Helsefellesskapa skal vere reelle arenaer for felles planlegging, prioritering og utvikling av pasientforløp. Dei skal særleg brukast for pasientgrupper der kommunane og spesialisthelsetenesta er gjensidig avhengige av kvarandre for å gi gode og berekraftige tenester.
Avtalespesialistane skal vere ein planlagd del av den samla polikliniske kapasiteten i Helse Vest. Private ideelle institusjonar og andre private aktørar med avtale skal brukast målretta der dette gir raskare tilgang, god kvalitet og betre bruk av samla ressursar.
Digitale samhandlingsløysingar, trygg informasjonsdeling og betre arbeidsflater skal støtte meir samanhengande pasientforløp. Informasjon skal i større grad følgje pasienten, slik at helsepersonell har tilgang til nødvendig og oppdatert informasjon når avgjerder skal takast.