Førebygging av sjølvmord – tips til helsepersonell og fagfolk
Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. Vi har laga ei oversikt over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrissikovurdering som kan støtte deg i det førebyggjande arbeidet.

Målet er å gjere deg som jobbar i helsetenesta eller i kommune betre rusta til å fange opp dei som slit med sjølvmordstankar, og til å ta dei vanskelege samtalane med dei det gjeld.
Her finn du tips til korleis du kan snakke med nokon om sjølvmordstankar, kva du bør gjere om nokon fortel deg at dei har sjølvmordstankar og informasjon om kor det finnst hjelp å få.

Digitale sjølvhjeplsverktøy
Digitale sjølvhjelpsverktøy kan hjelpe deg å meistre psykiske plager som stress, uro og milde og moderate depresjonar. Verktøya er gratis, godkjende av norske fagmiljø og har gjennomgått ei sikkerheits- og personvernvurdering.

eMeistring
eMeistring tilbyr veileda internettbehandling til deg som slit med panikkliding, sosial angst eller depresjon. Du treng tilvising frå fastlegen for å ta del i behandlinga.

Sist oppdatert 01.12.2020