Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for korttidsprosjekt

Søknadskategorien er meint for prosjekt som kan avsluttast i løpet av eitt år. Spørsmålsstillinga i søknadar om korttidsprosjekt skal derfor vere veldefinert og avgrensa. Søknadskategorien er ikkje meint for start eller avslutning av doktorgrad, driftsmidlar til stipendiatar og skal heller ikkje nyttast til prosjekt som allereie har fått midlar frå Helse Vest. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

​​​​​Page in English

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, i tillegg til private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon.

Kva kan det søkjast om

Det kan søkjast om inntil kr. 500 000. Det kan søkjast om dekking av kostnadar til personell og drift. Følgjande kostnadar til personell kan bli dekt:

  • Støttepersonell som laboratorieteknikar og forskingssjukepleiar o.a.
  • Frikjøp av klinisk stilling i sjukehus. Det bør godtgjerast at andre alternativ for forskingsfri er brukt eller ikkje tilgjengeleg, (overlegepermisjon, D-stilling o.a.).

Ved eventuell tildeling

Ved eventuell tildeling skal personell som er finansiert av Helse Vests forskingsmidlar tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretak/privat, ideell institusjon).​

Brukarmedverknad i forsking

Alle som får Helse Vest sine forskingmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking. Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest​​.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden:

Det er utarbeidd felles mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

Skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument:

  1. Søkar sin CV  sjå forslag til CV) og publikasjonsliste siste 5 år
  2. Forankringsavtale dersom aktuelt (sjå informasjon om kven som kan søkje )

 
Revidert i juni 2021.
Sist oppdatert 22.06.2022