Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Retningslinjer for postdoktorstipend

For søknadar om postdoktorstipend skal stipendiaten stå som søkjar. Postdoktorstipend kan ikkje overførast til andre. Det kan ikkje søkjast om ikkje-namngitte stipend. Søkjarar kan ikkje sende inn fleire søknader i same søknadskategori.

​Page in English

Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga.

Kven kan søkje – krav på søknadstidspunktet

Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20 prosent stilling) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsette ved universitet og høgskular i regionen, i tillegg til private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Sjå Kven kan søkje.

Det blir ikkje gitt stipend dersom kandidaten tidlegare har hatt postdoktorstipend ved ein institusjon i regionen.

Det er råd å søkje postdoktorstipend før disputas er gjennomført og godkjent. Dersom søkjaren på søknadstidspunktet ikkje har levert doktorgradsavhandlinga, skal det gjerast nærare greie for framdrifta i vedlagt erklæring frå hovudrettleiaren.

Stipendiaten kan ikkje ta til i stillinga før disputasen er gjennomført og godkjent. Vi gjer merksam på at disputas må vere gjennomført og godkjend før 1. juli i det første tildelingsåret, då det er krav om at søkjaren må kunne starte stipendet seinast 1. juli. Dette gjeld uavhengig av planlagde eller starta permisjonar.

Ved eventuell tildeling

Ved tildeling av postdoktorstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»). Det er forventa at stipendiatar er aktivt deltakande i miljøet dei skal vere ein del av.

Postdoktorstipend blir i utgangspunktet innvilga for to og eit halvt år (100 prosent stilling). Stipendet kan forlengast med 6 eller 12 månadar dersom stipendiaten skal gjennomføre eit utanlandsopphald av tilsvarande lengde. Det er utarbeidd eigne søknadskategoriar for utviding av stipendet. Desse gjeld for stipendiatar som har fått stipend i 2 ½ år frå Helse Vest, og som ønskjer utviding av pågåande stipend i 6 eller 12 månader kombinert med eit utanlandsopphald.

Stipendet kan takast ut i 50 eller 100 prosent stilling. Utbetaling av stipendet vil følgje dette. Dersom det er behov for andre ordningar må det søkjast særskilt etter at tildelingsbrevet er motteke.

Det bør leggjast til rette for at stipendiaten kan bytte arbeidsgivar under stipendperioden så framt dette gjeld flytting til andre helseføretak eller private, ideelle institusjonar i regionen. Det er likevel søkarinstitusjonen som har det avgjerande ordet for om også ansvarleg institusjon for stipendiaten sitt prosjekt skal bli endra. Forhold rundt ei eventuell endring skal avklarast gjennom avtalar mellom dei aktuelle institusjonane.

Brukarmedverknad i forsking

Alle som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ta kurs i brukarmedverknad i forsking.  Les meir om brukarmedverknad i Helse Vest​.

​Kva kan det søkjast om

Satsar

Postdoktorstipend blir tildelt etter sats som blir regulert årleg med utgangspunkt i estimert prisstigning i statsbudsjettet. Satsen skal nyttast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet.

Behov for driftsmidlar ut over det som ligg i stipendsatsen, skal dekkjast frå andre kjelder. I søknaden må det gjerast greie for finansiering av kostnadar som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet, men som ikkje dekkjast av satsen.

Utanlandsstipend og forlenging av postdoktorstipend

Samarbeidsorganet ønskjer at postdoktorstipendiatar gjennomfører eit utanlandsopphald ved relevant forskingsinstitusjon i løpet av stipendiatperioden. Det kan søkjast om utanlandsstipend samtidig med søknad om postdoktorstipend, (sjå eigne retningslinjer for utanlandsstipend).

Det kan også søkjast om utviding av pågåande postdoktorstipend med tilhøyrande utanlandsopphald ved seinare utlysing av forskingsmidlar. Pågåande postdoktorstipend kan utvidast med 6 eller 12 månar dersom det blir gjennomført eit utanlandsopphald av same lengde. For å søkje om utviding av postdoktorstipend og utanlandsstipend, blir det oppretta ein søknad i kategorien "Utvidelse av postdoktorstipend" der ein også kan søkje om utanlandsstipend. Den opprinnelege prosjektframstillinga kan nyttast ved at den tilpassast slik at det gjerast rede for utbytte av utenlandsopphaldet.Sjå meir informasjon i søknadsskjemaet.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til søknaden:

Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal brukast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

Vedlegga skal samlast i eitt vedlegg i den rekkjefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

Punkt 1

Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra. Merk at for søknadar om postdoktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

Punkt 2

Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.

Obligatoriske vedlegg for søknadar om postdoktorstipend dersom doktorgraden ikkje er innlevert på søknadstidspunktet:

Punkt 3

CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for hovudrettleiar.

Punkt 4

​Rettleiarerklæring med vurdering av evne til gjennomføring.

Der det er aktuelt:

Punkt 5

Dersom det blir søkt om utanlandsstipend, er følgjande vedlegg obligatoriske:

  • Invitasjon frå utanlandsk fagmiljø
  • Uttale frå eige forskingsmiljø

Punkt 6

CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for prosjektleiar og viktige samarbeidspartnarar.

Revidert juni 2021

Sist oppdatert 22.06.2022