Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Vest er ein region med store byområde, små lokalsamfunn, lange avstandar og krevjande geografi. Nokre pasientar bur nær store fagmiljø. Andre bur langt unna. Derfor må vi utvikle tenestene slik at pasientane får rett hjelp på rett nivå, uavhengig av kvar dei bur.

Hovudoppgåva til sjukehusa i Helse Vest er å møte dei vanlege og store behova for spesialisthelsetenester i befolkninga. Sjukehusa er framleis grunnmuren som skal yte spesialisthelsetenester, og skal gi trygg behandling til dei vanlege og store pasientgruppene nær der folk bur. Samstundes krev enkelte tilstandar og behandlingar høgt spesialisert kompetanse som igjen krev regional samordning for å sikre kvalitet, pasienttryggleik og robuste fagmiljø.

Spesialisthelsetenesta har fire hovudoppgåver: pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Regional utviklingsplan tek utgangspunkt i alle desse oppgåvene. Pasientbehandling er den største og mest synlege oppgåva, men kvalitet, berekraft og utvikling av tenestene er avhengig av at forsking, utdanning og opplæring er tett kopla til klinisk praksis.

Ambisjonen er at pasientane på Vestlandet skal få trygge, samanhengande og likeverdige spesialisthelsetenester med høg kvalitet. Samtidig blir rammene strammare. Behovet for helsetenester aukar raskare enn tilgangen på personell, kompetanse og økonomisk handlingsrom.

Det betyr at Helse Vest må prioritere tydelegare. Vi må bruke den samla kapasiteten betre. Vi må òg utvikle praksis når nye behov, ny kunnskap eller nye rammer krev det.

Når nye tiltak, metodar eller investeringar blir innførte, må vi samtidig vurdere kva som kan forenklast, endrast eller avsluttast.

Gjennomføring av planen føreset god involvering og godt samspel mellom medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta. Eit godt partssamarbeid er viktig for å sikre gjennomføringsevne og lykkast med utvikling og forbetringsarbeid i føretaksgruppa.

Planen byggjer på eit forpliktande regionalt fellesskap. Det betyr ikkje at alt skal vere likt overalt. Det betyr at føretaksgruppa i Helse Vest skal utvikle tenestene meir samla, og bruke sjukehusa, fagmiljøa, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og samarbeidspartnarane betre saman.

Målet er ei spesialisthelseteneste som er trygg for pasientane, god å arbeide i og berekraftig over tid.